Kviteseidgraver på prærien i Nord-Dakota
Ole og Kari var naboar i Kilen, men trefte kvarandre i det nye landet og gifte seg der i 1860.
For nokre veker sidan fekk eg nokre bilete frå ein liten gravplass like nord for den vesle byen Hettinger. Byen ligg i Adams County, i det sørvestre hjørnet av Nord-Dakota. Bileta viste nokre enkle gravkors midt ute på den veldige Dakota-prærien, ikkje så langt frå The Standing Rock Indian Reservation. Den eldste grava er over hundre år gammal. Ikkje eitt hus å sjå, ikkje gardsbruk, ikkje eitt einaste tre, berre vind over enorme vidder med gras og nokre små gravmarkørar i visna præriegras. Det er alt. Naturen er tydeleg i ferd med å ta gravene tilbake. Om få år vil dei vere nedsøkkte i prærien. Få veit at i desse gløymde Dakota-gravene «kviler støvet» av utvandrarar frå Kviteseid.
Ole Carlson Rui og Kari Jordgrav
Det er gravene til Ole Carlson Rui (1838–1906) og Kari Jordgrav Rui (1839–1925), sonen Kittel O. Rui (1860–1928) og Caranda Minerva Rui (1898–1907), alle med namnet Rui (eller Rue, slik det blei på engelsk) frå Kilen i Kviteseid. Ole Carlson Rui og kona Kari Jordgrav hadde sine første barneår i Kilen, på plassar som låg så nær kvarandre at familiane deira lett kunne møtast. Kari var berre tre år då ho reiste til Midtvesten i lag med foreldra sine i 1843. Ole var 13 år og den eldste i ein syskenflokk på seks, då dei reiste med foreldra, Carl og Mari Rui, til Wisconsin, i mai 1851. Før Rui-fylgjet drog frå Kilen for godt, har dei vore hos presten i Kviteseid og skrive seg ut av norsk register og kyrkjebok.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP