Stortingsrepresentant: Jørgen Sønstebø (KrF).

Lensmannen som blei stortingsrepresentant

Jørgen Sønstebø (1922-2013) var stortingsrepresentant i tre periodar for Kristeleg Folkeparti, frå 1973 til 1985.

Publisert

Jørgen Sønstebø, Kviteseid (Stortingsrepresentant 1973-1985)

Han var frå Bø i Telemark, og budde også der dei siste åra av livet. Men han var lensmann i Kviteseid i ei årrekke og budde der då han blei vald til Stortinget. Derfor blir han rekna som kviteseiding i denne samanheng.

På Stortinget var Sønstebø medlem av justiskomiteen, fullmaktskomiteen, kontrollkomiteen og valkomiteen dei åra han var stortingsrepresentant. Han var også representant og vararepresentant til fleire delegasjonar; FNs generalforsamling i 1978, Stortingets delegasjon til Nordisk råd 1978 til 1981 og Stortingets delegasjon til NATOs parlamentariske forsamling 1982 til 1984.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS