I Vrådal: Bildet av Louis Moe frå 1910 er tatt på sommarstaden Juvlandsæter i Vrådal.
Ukjent
Louis Moe var fascinert av naturen og dyrelivet i Vrådal – kan teikningane hans ha inspirert sjølvaste Walt Disney?
Ein kan undre seg over koplinga mellom Vrådal og Walt Disney når ein høyrer om teiknaren Louis Moe (1857–1945). I 1897 begynte Moe å bruke sommarstaden Juvlandsæter i Vrådal, ein stad han kom tilbake til mange somrar.
Louis Moe, fødd Louis Maria Niels Peder Halling Moe, vaks opp i Arendal, men flytta til Danmark i 1893 etter å ha avslutta si kunstutdanning der. Han vart dansk statsborgar og etterlet seg eit omfattande kunstnarisk ettermæle med illustrasjonar, teikneseriar, grafiske verk, plakatar og postkort. Han fekk tidleg tilnamnet «Danmarks Disney», noko som kanskje hintar om ein link til den verdskjende Walt Disney (1901–1966).
Dyr med menneskelege trekk
Under sine opphald på Juvlandsæter var Moe ein gjestfri vert som tok imot mange frå bygda. Han var fascinert av naturen og dyrelivet i Vrådal, noko som vart tydeleg etter ei vitjing på eit pensjonat der i 1889. I boka si «Langt, langt mot skoge» (1904) skildrar han Vrådal med detaljerte illustrasjonar av dyr som lever opp til menneskelege karaktertrekk – ein stil som seinare vart ikonisk hos Disney.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP