For barna: Her skal barna få smake utan mas frå mamma og pappa. Men litt masing frå søsken og entusiastane frå Geitmyra, matkultursenter, det må ein rekne med...

Masefri smakesone med alt frå rota og opp

– Denne var god, ropar Frida (6) og held fram ein lilla blomkålkvast så mor hennar kan sjå den. Vaksne får nemleg ikkje koma innanfor det gule gjerdet rundt smakebordet som Geitmyra matkultursenter for barn har på Dyrskuplassen.

VTB får lov til å vere med Sigve og Frida inn under dei japanske lyktene og bort til det lange smakebordet. Det bognar av fargerike frukter og grønsaker, og dei to syskena går bort til den eine enden. Her smakar ein på røtene – gulrot, kålrot og sellerirot, og vidare bortover bordet kan ein knaske i seg både stilkar, blomar, blad, frukt og frø.

Begynnar ved rota: Det står ungar tett i tett for å smake på rotgrønsaker, stilkar, blomar, blad, frukt og frø.

Sigve testar gulrot, men er usikker på polkabetane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Visste du at den har fått namnet sitt frå eit godteri? spør prosjektleiar Kine Bekkengen som står bak smakebordet. For sjølv om dei vaksne må stå att på utsida så er det ikkje heilt masefritt hos Geitmyra matkultursenter for barn.

– Den er skikkeleg søt og god. Prøv! Viss du ikkje liker den, kan du bare kaste den der.

Sigve stikk den lilla-og-kvit-stripete polkabeten i munnen og vert positivt overraska.

– Den var søt, nesten litt som gulrot.

Geitmyra: Kine Bekkengen er prosjektleiar på Geitmyra matkultursenter for barn og brenn for å gje ungar gode matopplevingar. Geitmyra samarbeider med både Dyrsku'n, fylkeskommunen og mange produsentar om denne satsinga, og i fjor var kring to tusen barn og unge innom standen deira, som ligg like innanfor hovudporten.
Fleire fargar: Den gule og lilla blomkålen er både fin og god, synest Frida.
Litt søskenmas: Frida Sandvik Gallefos prøver å få broren Sigve til å prøve den lilla og gule blomkålen. Det vil han helst sleppe, men han knaska i seg både polkabete og sukkererter ved smakebordet til Geitmyra.

Jordepletaco med urost-dessert

Smakebordet er ikkje den einaste aktiviteten hos Geitmyra. Ein kan også lage seg ei frøbombe ved å ta ein neve ulike frø og kna dei inn i ein leirklump. Denne lagrast gjennom vinteren slik at den blir tørr og fin.

– Og til våren kastar du den ein passande stad der du vil ha ein eteleg hageflekk, smiler Bekkengen. Ho er så engasjert i mat-temaet at det smittar over på alle som kjem innanfor det gule gjerdet.

Geitmyra har også ein honningstasjon der ein kan finne ut meir om biene, og kvar dag heile helga har dei fleire gratis kokkekurs for ungdom. Der kan ein lage seg ei tacolefse med jordeple, grønsaker og sjølvkomponert krydder, og ein dessert med urostar.

– Me ønskjer å blande ny og gamal matkultur, og at ungdomane lærer nokre ordentlege kokkekutteteknikkar, smiler Bekkengen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kokkekurs: På standen til Geitmyra-senteret kan ungdom lage seg ein smakfull eigenkomponert lunsj heilt gratis – jordepletaco..

I fjor var to tusen barn og ungdom innom Geitmyra, og då la Bekkengen merke til at dei vaksne hadde ein tendens til å henge inn over gjerdet medan ungane smaka. I år håpar ho på endå fleire barn – og har laga til litt for dei vaksne på utsida.

For dei vaksne: Mykje spanande informasjon for dei vaksne medan ungane smakar.
Stadig nye vil smake.
Fargerikt: Blomkål i mange fargar pyntar opp på standen.
Berre for dei unge: Viss ein vil vise mamma det ein har funne i bikuben, må ein ta ein tur bort til gjerdet.
Opphavsmannen: Kokk Andreas Viestad er grunnleggaren av Geitmyra-senteret. Her er han i aksjon i "Møt landbruket"-teltet og snakkar om kor viktig det er å vite kvar maten kjem frå. Gulrota er eit godt døme her, for dei fleste veit jo at ei gulrot kjem frå jorda, og kan svare rett på eit quizspørsmål om dette. – Men det er når ein har vore med på å dra den opp av jorda at ein verkeleg veit det ordentleg, med meir enn berre hovudet.