Full fart: Flatt og preparert – då er det lett å dra partneren etter stavane. – For denne aldersgruppa er det heilt topp å trene på fotballbanen, seier leiar i skigruppa, Åse Hylland (midt på biletet).

Måtte flytte skitreninga då åi auka på. – Dei får ikkje attende fotballbanen sin etter dette

– No skal begge vera utan stavar og ta av seg eine skien, instruerer Åse Hylland. Tolv stavar og seks ski hamnar hulter til bulter på sidelina, og etter litt romstering sparkar tre par seg avstad arm i arm.

Det er 1. - 4. klasse som har skitrening denne tysdagskvelden. Vanlegvis går dette føre seg i ljosløypa nede ved Ormetjønn, men slik er det ikkje i år. Auka vassføring frå Vinjevatn fører til at delar av løypa ikkje kan køyrast opp, sidan den kryssar åi to stadar. Dermed kjem ein ikkje over til Brubakk, som har vore ein fin arena for skileik.

Kommunen var kjent med at den auka vassføringa ville få desse konsekvensane.

– Men det skjedde vel tidlegare enn dei hadde tenkt, trur Hylland. Ho er likevel godt fornøgd med å ha skitreninga på fotballbanen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS