Treningsløype: Me sykla opp Heivatnvegen. Deler av denne vegen var den faste treningsløypa til Mirjam sin far. Han bruka å køyre der med hundespannet sitt då Mirjam var ung.

Med «hundeslede» til Heivatn

Turområdet Heivatn er godt tilgjengeleg for dei som bur i Seljord og Kviteseid. For Mirjam Thorkildsen Schade frå Seljord har det vore ein viktig stad gjennom heile livet.

Publisert

Det gjekk fort oppover bakkane mot Heivatn. Lyden av grus som knasa under sykkeldekka blanda seg med pusten frå dei ivrige huskyane som drog meg opp bakkane. Dei var festa i sykkelen som på ein hundeslede og med stor styrke drog dei meg langs vegen. Vinden ruska i håret medan eg suste gjennom det tette skoglandskapet. Matmora til hundane kom syklande like bak. For Mirjam Thorkildsen Schade var vegen frå Åsgrend til Heivatn ei kjend rute.

Dragkraft frå hundane

Me hadde starta nede ved Åsgrendvegen. Skyene på himmelen hadde hengt smått truande over oss denne dagen, med løfte om regn. Sjølv hadde eg ikkje regnklede, men håpa på det beste. Otta for regnvêr, overgjekk ikkje entusiasmen til Mirjam.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS