Mellom 1888-1911 budde det til saman 373 personar frå 16 ulike land på Nigard Midtgarden i Rauland, i tillegg til dei 1 866 norske turistane som var innom.

I boka «Pakketurist og gardsdreng på Rauland 1898» skildrar Halvor O. Kostveit reisa til ein skotsk turist på Rauland for over 120 år sidan.

Halvor O. Kostveit hadde lenge lurt på kvifor det kom så mange utanlandske turistar til garden då det var hotelldrift på Nigard Midtgarden i Rauland. Han er sjølv fødd på garden, der det var hotell mellom 1888-1911.

Forfattar: Halvor O. Kostveit har skrive bok som skildrar turismen på Rauland rundt år 1900. I perioden 1888-1911 kom det 373 utanlandske turistar som tok seg inn på hotellet på Nigard Midtgarden på Rauland, der Kostveit sjølv er fødd.

– Frå hotelltida var det to «framadbøkar», som dei kalla gjestebøkene på den tida. Dei har lege her heile livet mitt, eg har lest ein del i dei og lurt på kva årsaka til at det var såpass med turistar her som det var og korleis dei kom seg hit, seier Kostveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det fann han svaret på etter å ha rydda i gamle papir.

– Eg kom over nokre reklamekatalogar for pakketurar, dei aller fleste i Sør-Noreg, men også ein til Nordkapp. Eg har tatt utgangspunkt i ein frå dampskipselskapet Færder Ltd frå 1898, samt ein som blei utgjeven av «Skien–Thelemarken Tourist Club» i 1891, fortel Kostveit.

Katalog: Færder Ltd tilbydde reiser frå Grangemouth i Skottland til Noreg på slutten av 1800-talet og starten av 1900-talet.

Begge turane starta båttransport over Nordsjøen frå Storbritannia til Oslo, eller Christiania, som det heiter i katalogane.

– Frå Christiania var turane like, turistane reiste til Beyers reisebyrå i hovudstaden, der dei kjøpte innanlandsturen – med alt inkludert i prisen, 41 kroner per person – litt som om når ein bestiller pakketurar i dag. Hotellet her på Nigard Midtgarden var med i denne pakka, forklarar Kostveit.

Reiseprogram: Dette var ei av pakkereisene som reisebyrået F. Beyer kunne tilby dei reisande.

Trass i å ha kome så langt i informasjonssankinga, følte han framleis at kunnskapsgrunnlaget var i tynnaste laget for å skrive bok.

– På sine eldre dagar skreiv bestefar min mykje i kladdebøker, mellom om gardsdrift og diverse episodar frå perioden etter år 1900. Då kom eg på ideen om å skrive historia som reiseskildring, med ein fiktiv hovudperson plassert i reelle historiske omgjevnadar, fortel Kostveit.

Frå Grangemouth til Rauland

Undertittelen på boka er Johns reise, ein skotte som kjem til Noreg med båt frå Grangemouth i heimlandet.

– Han kjem over ein av katalogane i sjømannskyrkja der borte, og slump fører til at han lærer seg norsk. På den tida var det mykje skipstrafikk mellom Storbritannia og Skandinavia, fyrst og fremst tømmertransport, fortel Kostveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjennom eit kvinneleg bekjentskap som hadde arbeidd på hotellet på Nigard Midtgarden, har John høyrd om Rauland, og etter å ha tatt toget frå Christiania til Skien og kanalbåten derifrå til Dalen, hoppar han av pakketuren.

– Han ordnar seg slik at han kan bli med på resten av reisa med neste turfylgje, som kom veka etter, og i løpet av veka på Rauland bur han på stabburet på garden og lærer mykje om norsk landbruk slik det var då. Meir enn det skal eg ikkje røpe, fortel fortfattaren.

Stabbur: Hovudpersonen John budde i andre etasje av stabburet på garden under opphaldet i 1898.

Storinnrykk i 1892

Bakerst i boka har Kostveit laga statistikk over nasjonalitetane som tok seg inn på hotellet i åra dei var i drift. Mellom 1888-1911 budde det til saman 373 personar frå 16 ulike land på garden, i tillegg til dei 1 866 norske turistane som var innom. Av dei utanlandske turistane var det flest tyskerar, 107 i talet, éin meir enn dei 106 danskane. Engelskmennene var tredje mest talrike, med 71 besøkande. I 1889 og 1898 var dei einaste besøkande frå høvesvis Russland og Island innkvarterte på garden.

I dei aller fleste åra låg besøkelsestala mellom om lag 80 og 120. 1892 skil seg ut som eit rekordår, då heile 168 turistar, deriblant 32 utlendingar, budde på Nigard Midtgarden.

– Det har ei ganske enkel forklaring: Telemarkskanalen opna det året, fortel Kostveit.

Einaste vinterturist

Trass i at hovudpersonen, John frå Grangemouth, er oppdikta, er store delar av resten av persongalleriet ekte personar som skreiv seg inn i gjestebøkene på hotellet.

– Laurentius Urdahl er den einaste eg har bite meg merke i var her på vinteren. Han var her to gonger, i 1890 og 1895. I 1890 kom han hit 9. januar, etter å vore på Gaustatoppen frå 31. desember til 1. januar. Eg trur han må vera den fyrste galningen som feira nyttårsaften på Gaustatoppen, humrar Kostveit.

Gjestebok: Laurentius Urdahl skildrar opphaldet sitt, samt turen til Gaustatoppen då han i 1890 skreiv seg inn i gjesteboka, i lag med reisekameraten Adolf Berg.

Urdahl, som seinare blei redaktør av fleire aviser, deriblant Fredrikstad Blad, er kjend som ein pådrivar for idrett, mellom anna skihopping for kvinner, og var medstiftar av både Asker skiklubb og Fredrikstad skiklubb.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han skulle eigentleg gå på ski frå Gaustatoppen, over Hardangervidda og til Eidfjord. Men på turen blei det så dårleg vêr at han hamna her. Då han var her i 1895, var det eit stopp på skitur frå Ålesund til Christiania, fortel Kostveit.