Carta marina, eit gammalt sjøkart teikna av den svenske presten Olaus Magnus og trykt i Venezia i 1539. Det er verdt å merke seg at i Nordsjøen og andre hav er det teikna inn krakar og andre havmonster som sjøfarande kunne møte på.Kjelde: Nasjonalbiblioteket
Mystiske og mytiske skapningar i havdjupet
Sjøfararar har vore redde for farlege monster og uhyre under havoverflata i tusenvis av år. I vitskapen har desse vesena som regel ei naturleg forklaring, men framleis finst det mange skapningar og fenomen i djupet som vi og forskarane ikkje veit så mykje om.
Sjøuhyre og havmonster vert i mytologi, folketru og litteratur brukt om ulike typar oppdikta, farlege skapningar som lever i havet. Det finst forteljingar frå heile verda om overnaturlege monster og fabeldyr i sjøen. Og sjøuhyra vert ofte skildra som enormt store. Det er berre å søkje på sjøuhyre eller sjømonster på internett, og du vil få opp mengder av stoff om kva dei har trudd på i tidlegare tider.
Grensesprengjande fantasi
Grunnlaget for slike førestillingar kan ha vore fiskarar og sjøfolk som har sett uvanlege bølgjer, kval, store fiskar eller halvrotne kadaver i stranda. Dei har ikkje hatt annan kunnskap om havet enn det dei såg, eller trudde dei såg. Dette er så blitt tolka av til dømes prestar i opplysningstida og sidan poetar og forfattarar.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP