November. «Bortsett frå at dei fire yngste hundane heller ville bite i stykker dekken enn å ha det på seg, og at me hadde gløymt kaffikoppar, var det ein fin tur for to- og firbeinte»

Mange gongar, spesielt når eg trenar til løp, tenkjer eg på alle opplevingane frå Alaska.

«I knew what scared me wasn’t the canyon and wasn’t the hook hanging by one prong but the knowledge, the absolute fundamental knowledge that I could not stop, would not stop, would never be able to stop stop running dogs of my own free will.»

– Frå boka «Winterdance» av Gary Paulsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingrid ladar opp til Femundløpet

Gjennom hausten og vinteren vil Ingrid Skålid Amundsen i Fyresdal halde lesarane i VTB oppdaterte på førebuingane til Femundløpet i 2025.

Ho byrja med hundekøyring i 2014. Ho køyrde Femundløpet (450 km) i 2019 og 2023, og Finnmarkløpet (600 km) i 2020.

Femundløpet er eit sledehundeløp som har vorte arrangert kvart år på Røros sidan 1991, vanlegvis ei av dei første helgene i februar. Løpet har i dag fire ulike klassar; ein juniorklasse med maks seks hundar framfor sleden, ein 200- og ein 450-kilometerklasse med åtte hundar, og klassen på 650 kilometer med 12 hundar. I 2025 har Femundløpet VM-status, som vil seie at alle som startar Femundløpet er med i VM.

I 2015 og 2016/17 var eg i Alaska og trente hundar for to hundekøyrarar. Den eine av dei var Jessie. Me budde saman i ei uisolert hytte på 17 kvadratmeter. Han sov på ein gamal utsliten sofa, eg fekk låne enkeltsenga han hadde snikra sjølv. Me tinte kjøt til hundane i det eine hjørnet, laga mat i eit anna. Ingen TV, straum eller vatn. Dei førti sledehundane omringa hytta, og på ein liten sti bak oss var utedoen; ei sponplate med hol i, utan tak eller veggar – noko som kunne bli rimeleg hustrig når gradestokken krympa ned til 45 minusgrader. Ein del av maten til både hundane og Jessie sjølv vart sanka om sommaren; fisk fanga han i store mengder ved hjelp av eit «fish wheel», og det var rikeleg med elg og anna vilt i området. Maten vart tørka eller vakuumpakka så ho skulle halde året gjennom. Pengane han hadde, vart tente om sommaren og brukte til litt ekstra mat, bensin, resten gjekk til hundane. Ei natt i desember vakna eg av at det var ekstremt kaldt i hytta og oppdaga eit hol i veggen over senga. Eg stappa inn ein hanske, det som låg meg nærast, og sovna igjen. Nyttårseftan 2016 sovna eg halv ni på kvelden etter ein langtur med hundane. Feiringa bestod av å varme to tørre kaker på vedomnen og høyre på den einaste kanalen me fekk inn på radio, heldigvis ein som spelte countrymusikk.

November er ein månad der hundetreninga sakte, men sikkert, byrjar å spisse seg til, i form av lengre og lengre turar. Det er no me byrjar å sjå kva hundar som toler langdistansetreninga, og kva utfordringar kvar enkelt hund eventuelt får. Sist eg køyrde Femundløpet syntest eg hundane mine vart meir slitne enn eg hadde ønskt, og konkluderte med at grunntreninga var for dårleg, då eg den sesongen hadde hatt mange verkstadbesøk med bilen og dermed måtte la hundane stå. Difor ville eg trene oftare og auke distansen om hausten før sledeføret. Det viste seg å ikkje vere eit sjakktrekk. Å springe seks mil på grusveg som er botnfrosen og nesten som asfalt, framfor ein tung bil, er mykje tyngre enn seks mil på snø framfor sleden. To av hundane fekk etter ein langtur lett haltheit, noko som heldigvis betra seg etter mykje kvile, og dei kunne etter kvart vere med igjen. Dei andre klarte seg bra. Etter at to viktige hundar måtte stå over ein god del trening, bestemte eg meg for å gå ned på talet mil igjen og heller berre halde dei i gang fram til sledeføret melder seg. Risikoen for nye skadar på i tillegg isglatte vegar vart rett og slett for stor. Det er ein god grunn til at veteranar i gamet seier at hundekøyring er ein erfaringssport.

Sjølv om turane vart kortare når dei eigentleg skulle bli enda lengre, tyda ikkje det at dei vart mindre innhaldsrike. Sondre og eg pakka telt og utstyr til hundane bak i bilen ein laurdagskveld og tok ein overnattingstur i sidedalen frå der me bur. Hundane fekk øve på å kvile «på sporet» som me seier, og me fekk vakne til eit lite hav av søkkvåt snø før nye mil skulle sankast. Bortsett frå at dei fire yngste hundane heller ville bite i stykker dekken enn å ha det på seg, og at me hadde gløymt kaffikoppar, var det ein fin tur for to- og firbeinte. Fingertuppane med gamle frostskadar vart umåteleg glade for å sleppe å feste potesokkar då dette første snøfallet la seg og vart liggjande nokre få dagar. Før det var tilbake til is og glatte vegar.

Mange gongar, spesielt når eg trenar til løp, tenkjer eg på alle opplevingane frå Alaska. Kanskje spesielt når kveldane er mørke, kalde, mila aukar, søvnen minkar og lommeboka blir mindre. Kor hardt, men også så enkelt livet der kunne vere. Kor lite midlar mange hadde, sett med våre auge. Dei hadde hundane sine, dei hadde ved til å varme hytta med, og dei hadde sanka nok mat til å klare seg ei stund framover. Samstundes hadde dei ein fridom det er vanskeleg å finne her. Her er hundekøyrarar avhengige av å jobbe fullt i andre jobbar, og mange tek utgifter på mastercard for å kunne betale dei seinare med feriepengar, dette i tillegg til sponsoravtalar. Det er eit evig jag, eit jag etter tid og pengar som det likevel til sjuande og sist aldri er nok av. Me gjer det fordi hundekøyring ikkje er ein hobby du kan setje frå deg og ta fram når du vil, det er ein livsstil, og det er ein livsstil me paradoksalt nok er heilt avhengige av for i det heile tatt å fungere.

Les også
Gjennom hausten og vinteren vil Ingrid halde lesarane oppdaterte på førebuingane til Femundløpet
Les også
September: «Nordlyset dansa over oss. Det var magisk»
Les også
Oktober: «Denne månaden har vore litt utfordrande på fleire måtar»