Vårpussen: Det var eit uvanleg og triveleg syn som møtte fleire i Kviteseidbyen måndag. Synd frisørsalongen Balazera ikkje var open måndag morgon.

På bytur for å gjere seg klar til vårspelet – men frisørsalongen var stengt

Det er mogleg tiuren har kome til Kviteseidbyen for å få på plass den rette sveisen før leik og paringstid tar til. Synd frisørsalongen Balanzera ikkje var open måndag morgon ...

Publisert Sist oppdatert

Fleire har hatt glede av å sjå ein flott tiur, eller tere som også mange kallar han, spasere og flyge rundt i Kviteseidbyen måndag føremiddag. Alt sundag blei folk merksame på storfuglen, då han laga seg ei dokk i snøen i sentrum, noko ofte tiuren gjer for å halde varmen.

Måndag føremiddag hadde tiuren seg nokre flygeturar gjennom sentrum, ned til brygga og opp på trappa til frisørsalongen Balanzera, før han kom heilt opp på verandaen til Morten Lie som bur ved Sundkilen. Frå stoveglaset fekk me sjå den uredde tiuren hoppe opp på bordet for å vise seg fram.

Tiuren, som er den største skogsfuglen i den norske faunaen, kan bli 4-5 kilo tung. Gjesten som vitja sentrum av Kviteseid er truleg ein årsfugl, og ikkje heilt vaksen ennå. Ein er mest van med å sjå bilde av tiuren når han spelar og gjer seg til for røyane i samband med paring på våren – så ein storfugl på sentrumstur er ikkje daglegdags.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS