Sparka i gang nasjonaldagsfeiringa med bunad og is
Det blir ei annleis 17. mai-feiring for dei fleste i år. Det blir ikkje noko tradisjonelt barnetog, men som eit plaster på såret tjuvstarta Kviteseid kommune feiringa, og både bunad og is var på plass.
Ungane i barnehagen i Brunkeberg visste at ei overrasking venta dei i løpet av fredagen før 17. mai-helga, men kva for ei overrasking visste dei ikkje. Mange fekk store augo og vart litt stille då tre representantar frå kommunen dukka opp rett etter lunsj.
Ordførar Bjørn Nordskog, kommunalsjef for skule og barnehage Ingunn Haugland og rådmann Øystein Tveit hadde alle tatt på seg bunad og overraska ungane med, kanskje den viktigaste ingrediensen for ei ekte 17. mai-feiring, nemleg is.
Artikkelen held fram under annonsen.
Isen blei tatt godt imot, trass i sur vind og manglande sol. Det blir kanskje aldri for kaldt for is.
– Det var ein del som syntest det var litt synd me ikkje får brukt bunaden i år, derfor bestemte me oss for å ha ei lita feiring på kommunehuset med bunad og kake, fortel Nordskog.
Og sidan det ikkje blir tradisjonell feiring i år, ville dei overraske alle barna i kommunen med is.
– Det er jo spesielt i år, så me reiser rundt og deler ut is til ungane, seier Nordskog medan skulebarna på Brunkeberg stiller seg i kø for å få is.
Ferda byrja i Brunkeberg, og gjekk deretter vidare til Kviteseid og Vrådal.