Eit halvt hundreår: Den utflytta lårdølen Hans Eivind Ormestøyl jaktar i Støylsdalen for femtiande året på rad.
Åshild Emma Solbjør
Storskyttaren i Støylsdalen
– Me tek eitt driv, så er det kaffe og mat. Så me blir litt småfeite, ler Hans Eivind Ormestøyl (65).
Det er siste laurdag i haustferien, klokka er litt over eitt og rundt eit knitrande bål i Støylsdalen sit seks karar i grønt og oransje. Haustens fyrste snødryss fargar bakken kvit, og bålrøyken syter for at smelta snøklattar frå grangreinene over klaskar ned på luvebrota til jegerane. Sjølv om me knapt er forbi midt på dagen er det ikkje fyrste fyringa i dag.
– Å nei, me hadde ein pause etter fyrste drivet også.
Fem av jegerane bur i nærområdet, men det er sjettemann, busett seksti mil unna, som har lengst fartstid i Støylsdalen jaktlag. For i år er det femti år sidan Hans Eivind jakta her for fyrste gong.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP