Nybygg: Olav Veum er stolt av det nye bygget til bilrutene og ser fram til opninga 17. juni.

Strategen frå Fyresdal

– Å drive med styrearbeid og styreleiing er eit fag i seg sjølv, seier styreleiar i Telemark bilruter AS, Olav A. Veum.

Publisert Sist oppdatert

Fyresdølen Olav A. Veum er oppført med 34 verv på proff.no. 26 av dei som styreleiar eller styremedlem. Han er dagleg leiar i åtte bedrifter.

– Har ein kunnskap og erfaring, kan ein kombinere ulike verv. Eg har drive med styrearbeid som profesjon lenge, så summen blir stor, men mykje av det er dotterselskap og tilknytt verksemder innanfor skog og skogrelatert industri. Etter kvart er det blitt andre ting, som Telemark Bilruter og Sparebanken Din. Det har blitt mitt lodd å jobbe med styrearbeid i stort omfang. Det er blitt yrket mitt, kan du seie, seier fyresdølen medan me går opp trappene i Bilrutene sitt bygg på Brøløs i Seljord.

Han kjem rett frå styremøte. Kaffien står klar på styrebordet og han ser ut til å trivst i styreleiarstolen. Utanfor susar trafikken. Det er sein ettermiddag.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS