Einaste karen: Kristian Lunden er einaste karen på birøktarkurset i Lårdal. Her er han saman med Ellen Wennevold (t.v.), Anne M. Lund, Helene Eikeland, Anna Vinjerui Lid, Bente-Lene R. Sveinson, Eirin Frantzen, Mona Testad, Kristina Huitfeldt Carlsen, Birgith Reinskås Lunden og Karen Heggelund på praktisk kursøkt.
Else Børte
Ti av elleve deltakarar på det summande kurset er kvinner
Kristina, Eirin, Mona og Anna frå Øyfjell vil lære seg birøktarfaget for å ha ein meiningsfull og lærerik hobby, som kanskje kan utvikle seg til å gje ei tilleggsinntekt på sikt.
Dei blide damene frå Øyfjell er fire av ti kvinnelege birøktarkurs-deltakarar av i alt elleve kursdeltakarar. Anna Vinjerui Lid, Eirin Frantzen, Mona Testad og Kristina Huitfeldt Carlsen er alle fasinerte over korleis biene lever og jobbar. Dei har også eit ønske om stuttreist honning og om å vera meir sjølvberga.
– Me ser birøkt som ein meiningsfull hobby, som kanskje også kan utvikle seg til å gje ei tilleggsinntekt på sikt, seier dei.
50 timars opplæring
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP