Storfamilie: Lina Aasan med Tage (5 månadar) og Tor (5), Margit Nordstoga Aasan, Trygve Aasan og Sondre Aasan med Gustav (4) ønsker velkomne til sommar på Kråkeroe-staulen.
Else Børte
Tre generasjonar på staulen heile sommaren
Rundt jonsok tek Sondre Aasan med seg kona Lina, dei tre barna, foreldra, kyr, grisar og hestar til stølen Kråkeroe på Møsstrond. Planen er å vera der heilt til september.
Kråkeroe-staulen ligg 900 meter over havet på Møsstrond lengst nord i Seljord. Stølsvollen ligg mellom Veisvikvatnet og Kråkeroetjønni. På setervollen går telemarkskyr, NRF-kyr, kalvar og grisar. Her beiter kyrne saftig fjellgras som gjev smakfull og næringsrik mjølk. Av mjølka produserer familien Aasan smør, rjome og knaost. Dei får også restprodukt i form av saup og ostemasse som kan bli brukt i bakverk. Smør, rjome og knaost blir selt på stølen.
Familien serverer også enkel stølskost som rjomegraut, spekemat, saupvaflar og saupsuppe med meir. Rjomegrauten blir laga med grovt mjøl og heimelaga rjome.
– Dyra er veldig glade når dyretransporten kjem heime på garden i Flatdal for å hente dei opp hit i juni. Dei blir sett av ved elva og då spring dei rett hit, seier Sondre.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP