Familietradisjon: Denne høvelen vart laga på garden av oldefar til Vetle, Olaus. Som liten var Vetle mykje i snikkarverkstaden saman med bestefaren, og den gamle høvelen fungerer godt framleis.
Kari Smeland
Vetle kombinerer handverk og ny teknologi når han arbeider i den gamle snikkarverkstaden
PC, nye maskiner, laser og kunstig intelligens. Og ein gamal høvel som oldefar har laga. Alt får plass i snikkarverkstaden til Vetle Lindvåg Johre heime på Dalen.
Klokka har så vidt bikka ni og kalenderen viser at juli nærmar seg. Men gradestokken viser ikkje meir enn ni grader. Det er vått i graset og regnet har visst ikkje planar om å gje seg endå heller.
Heime hos Vetle og familien er dagen for lengst i gang. Eldstemann Viljar på snart tre er køyrt i barnehagen, og Ingrid som snart fyller eitt vaknar etter ein liten lur ute i vogna. Ho blir med pappa inn i huset. På kjøkkenet er det fyr i omnen, det varmar godt i sommarkulda.
Vetle fortel at garden med namnet Jore, utan h, har vore i slekta sidan 1570. Sjølv flytte han hit med familien då han var fem. Nå er han 31 og har flytta tilbake til familiegarden. Både Vetle og kona Kristine har arbeid utafor garden, og dei leiger ut jorda.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP