Villmarkshotell: Det er plass til 34 overnattingsgjester på Canvas. Gjestene søv i telt. Thomas De Herdt frå Nederland er ein av dei tilsette på villmarkshotellet.

Villmarkshotellet Canvas. – Det skal vere litt luksus

På Heimdalsheia i Treungen ligg det som hotellsjef Thomas Svendsen omtalar som verdas råaste villmarkshotell.

Publisert Sist oppdatert

Dei fleste kjem til Canvas hotell for å sykle, og gjestene kjem ofte langvegsfrå. Denne sundagen har hotellsjef Svendsen reservert heile hotellet til lokale gjester frå Nissedal. Han synest det er fint at dei som bur i kommunen også får oppleve glamping-livet i Heimdal, og håpar dette kan bli ein årleg tradisjon.

Mongolske yurtar

Det særeigne hotellet ligg langt inne på heia. Hit er det ikkje bilveg. Ein kan sykle til overnattingsstaden frå fleire kantar, på ein av stiane som er tilrettelagt. Området er kjent for mykje svafjell, og i tillegg er det bygd klopper og hengebruer slik at ein kan kome seg fram med sykkel både over myrer og bekkar. Ein kan sjølvsagt også rusle inn til hotellet. Det tek om lag ein halvtime om ein køyrer til endes på den private grusvegen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS