Vegard Taraldlien (t.v. i raud drakt) skårar Åmdal/Tokke sitt 4. mål mot Ulefoss 2.
Vegard Taraldlien (t.v. i raud drakt) skårar Åmdal/Tokke sitt 4. mål mot Ulefoss 2.

Åmdal/Tokke snudde kampen

Etter å ha lege under med to mål tok heimelaget grep og snudde kampen mot Ulefoss 2 til siger.

5-3 sto det på dommarblokka då fredagens kamp mellom Åmdal/Tokke og Ulefoss 2 var ferdig.

Før kampen hadde Å/T teke fire poeng på tre kampar. Tap mot Kviteseid/Høydalsmo blei fylgd av siger mot Heddal 2 og uavgjort mot Storm 2. Alle kampane har blitt spela på bortebane. Banen på Dalen får kunstgrasedekke og blir ikkje klar før i august, medan banen på Åmdals Verk ikkje var klar før no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kom bakpå

Ulefoss 2 tok tidleg leiinga i kampen, og vondt blei verre då dei gjekk opp til 2-0. Heimelaget kom ikkje skikkeleg opp i motstandarane, og dermed var det verre å vinne andreballane. Mot slutten av fyrsteomgangen kom heimelaget meir med, og til slutt kunne Elijah Sackie smile breitt då han reduserte til 1-2.

Sackie er tilbake i Åmdal/Tokke etter å ha spela for både Skarphedin og Skade dei siste par åra.

To straffer

Andre omgang var knapt i gang før dommaren bles for hands på ein Ulefoss-spelar, og dermed straffe til heimelaget. Straffa sette Even Torvetjønn sikkert i mål. Torvetjønn som i fyrste omgang spela midtsoppar, blei i andre omgangen flytta fram som spiss.

Elijah Sackie er tilbake i Åmdal/Tokke. Han gjorde ein god kamp mot Ulefoss 2 fredag.
Elijah Sackie er tilbake i Åmdal/Tokke. Han gjorde ein god kamp mot Ulefoss 2 fredag.

Kampens dommar Dino S. Pacic frå Storm BK dømte kveldens andre straffe då han vurderte at nok ein Ulefoss-spelar handsa innanfor sekstenmeteren. Dermed steppa Torvetjønn fram att og sytte for å sende heimelaget i leiinga med 3-2.

Ikkje lenge etter skåra Vegard Taraldlien eit flott mål etter innlegg frå kanten, og dermed 4-2 til Å/T.

5-2 kom like etter på eit sjølvmål frå ein uheldig Ulefoss-spelar.

Mot slutten av kampen kom bortelaget meir med, og ti minuttar før slutt reduserte dei til 5-3, som også blei sluttresultatet.