Representerer Noreg: Johannes Lønnestad Flaaten og Ingerid Vadder frå Morgedal IL skal neste sesong gå for juniorlandslaget. Arkivfoto.

Både Ingerid og Johannes er tekne ut på juniorlandslaget

Langrennstalenta Ingerid Vadder (18) frå Ordal og Johannes Lønnestad Flaaten (19) frå Seljord skal frå og med neste sesong representere Noreg på juniorlandslaget.

Publisert Sist oppdatert

Vadder og Flaaten, som båe går for Morgedal IL, utgjer saman med Mathias Holbæk frå Vindbjart IL dei tre løparane frå Hovden skigymnas som er tekne ut på juniorlandslaget.

– Det er utruleg kult. Eg kjenner mange av løparane som er tekne ut godt, og gler meg stort til å koma i gang, seier Flaaten, som til hausten flyttar til Lillehammer for å satse på langrenn på fulltid.

– Det er veldig morosamt, og eg ser fram til å starte. Eg tenkte det kunne vera ein moglegheit for å bli tatt ut, i og med at det var resultata frå fjorårssesongen som låg til grunn, men eg var usikker på om dei kom til å ta ut nokon frå 2003-kullet i det heile, så det var stor stas då beskjeden kom, seier Vadder.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS