Barnebarnet til utflytta lårdøl mista rekord
I 92 år har den mestskårande på det norske herrelandslaget heitt Jørgen Juve, som har etternamnet sitt frå ein gard i Lårdal. No har Erling Braut Haaland slått rekorden.
Det var bestefar til Juve, også han heitte Jørgen, som var siste generasjon som var fødd på garden. Han flytta til Grimstad, medan bornebornet, som også var kaptein på Noreg-laget som tok OL-bronse i 1936, var fødd og oppvaksen i Porsgrunn. Han byrja landslagskarriera i 1928 og spela fram til 1937. Dei aller fleste av dei 33 måla Juve skåra for Noreg kom tidleg i karrieren, då han var spiss, og han overtok tittelen som Noregs mestskårande i 1932. Dei siste åra han var aktiv vart han flytta lengre bak på banen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP