Blei sett pris på: Arve Myrvang, fotballeiar i Seljord IL, er årets leiar i NFF Telemark.
Kurt Hella
Blei heidra av fotballpresidenten: Arve er årets leiar
Kvar veke er Arve Myrvang minst 20 timar på Eventyrøy i Seljord.
Laurdag blei fotballeiaren i Seljord gjort stas på – og det av sjølvaste fotballpresident Lise Klaveness. Det skjedde då fotballkrinsen var samla til krinsting. Då fotballpresidenten las opp grunngjevinga gjekk det sakte, men sikkert opp for dei frammøtte at Arve Myrvang frå Seljord er årets leiar i NFF Telemark.
Klaveness trekte fram Myrvang sitt allsidige engasjement. Han har hatt dei fleste rollene i fotballgruppa.
– I ei vanleg veke er han 20–40 timar på Eventyrøy, i sesong mogleg meir. Han held orden på alt og alle, og om det er behov står han også i kiosken og vaskar klubbhuset, las Klaveness frå grunngjevinga.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP