Snart senior: Johannes Lønnestad Flaaten.

Blei nummer tre i avslutningsrennet

Med tredjeplass i avslutningsrennet på Lygna blei Johannes Lønnestad Flaaten frå Seljord/Morgedal IL nummer to i samandraget i noregscupen.

Publisert Sist oppdatert

Bjarte Bjertnæs (Jevnaker) og Mathias Holbæk (IL Vindbjart) blei høvesvis nummer 1 og 2 då noregscupsesongen blei avslutta med 30 kilometer på Lygna. Johannes Lønnestad Flaaten kom i mål berre åtte sekund bak dei to som spurta om sigeren. Han måtte gje tapt i den siste bakken, 300 meter før mål.

Dei 30 beste i samandraget fekk gå finalen.

Samanlagt blei Flaaten nummer to i noregscupen. Preben Horven frå Bossmo og Ytteren IL har vist seg som den beste løparen i M19/20 i år.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS