Topp 10: Runar Skaug Mathisen har som mål å klare minst ei topp 10-plassering i årets Visma Ski Classics. Arkivfoto.

– Då eg blei frisk att, var heile verda sjuk

Fjorårssesongen starta særs godt for Runar Skaug Mathisen, etter fleire gode plasseringar i renn i langløpscupen Visma Ski Classics tok 27-åringen ein sterk 14. plass i det prestisjetunge langløpet Marcialonga i Italia. Han håpar å gjenta suksessen når han vender snuten mot Sveits og Italia for sesongens tre fyrste renn i langløpssirkuset.

Publisert

– Marcialonga var det absolutte høgdepunktet, det var ein særs god dag på ski. Det blei dårleg med skirenn etter det, men den delte fjerdeplassen i Vest-Telemark-leikane er også eit høgdepunkt frå fjoråret, humrar Mathisen.

27-åringen, som før fjorårssesongen gjekk frå Team Telemark til Team Parkettpartner Sjusjøen, hadde mål om å vera blant dei 20 beste i kvart renn han gjekk, og med ein 22. plass som lågaste plassering, gjekk sesongen etter planen for langløparen frå Kostveit.

– Men etter Marcialonga blei eg sjuk, og då eg blei frisk att var heile verda sjuk. Etter koronaen kom, blei dei fleste renna avlyst, med unntak av Vasaloppet. Eg hadde ikkje funne forma att etter sjukdommen, noko resultatet der reflekterer, fortel Mathisen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS