Vann: Ingerid Vadder tok sprintsigeren i nordisk juniorlandskap i Falun i helga. Ho var nesten seks sekund før jenta bak. Tove Ericsson frå Sverige tok 2. plass og norske Frida Hauggskott 3. plass.

– Det største eg har prestert så langt

Skitalentet Ingerid Vadder frå Morgedal IL vann laurdagens sprint i nordisk juniorlandskamp i Falun. Sundag var ho ankerkvinne og sikra Noreg fyrsteplassen i stafett.

Publisert Sist oppdatert

Vadder var overlegen på sprinten og gjekk over målstreken nesten seks sekund før den svenske jenta som tok andreplass. Av dei tolv norske løparane som deltok i Falun representerer to av dei Morgedal IL, og lagkamerat Johannes Lønnestad Flaaten frå Seljord markerte seg også i løpet av helga. Flaaten tok ein andreplass på laurdagens sprint medan han gjekk ankeretappen for stafettlaget på sundag og sikra gull for Noreg.

– Fredagen var ikkje heilt topp, men sprinten var eg veldig fornøgd med, og det er veldig kult å få eit individuelt sylv der, fortel Flaaten til VTB.

Han hadde eit håp om å få bra klaff i Falun, og har all grunn til å vere godt nøgd med helga.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS