Eivind strekte strikken for langt og måtte leggje seg på sofaen
Eivind Gaastjønn er på gang igjen etter ein vanskeleg start på sesongen. 22-åringen frå Dalen fekk mange gode svar då han på Os i Nord-Østerdal, utfordra landslagsløparar og andre som har hevda seg internasjonalt i vinter.
– Eg er framleis eit godt stykke unna toppforma. Men det er godt å sjå at formpila peikar rett veg etter ein trøblete start på sesongen. Eg har ikkje heilt vore der eg ønskjer å vere etter at eg i september mest sannsynleg gjekk på ein treningssmell. Kroppen responderte ikkje like godt på haustparten som den hadde gjort gjennom våren, sommaren og fyrste del av hausten. Det kan ha samanheng med at eg har «pusha» nokre grenser, seier Eivind.
22-åringen sa etter førre vinter at han i sin fyrste seniorsesong kom til å ta nokre sjansar på treningsfronten. Fyresdal-utøvaren var villig til å gamble litt i håp om at det skulle gje han eit skikkeleg løft fysisk. Lenge gjekk alt på skinner, og det såg lovande ut for den einaste skiskyttarsenior i Vest-Telemark to månader før sesongstart. Så opplevde Lillehammer-busette Gaastjønn at kroppen ikkje lenger responderte like bra på trening. På toppen av det heile fekk han korona.
Artikkelen held fram under annonsen.
Måtte liggje på sofaen i joli
– Det vart ei litt spesiell jol denne gongen. Vanlegvis brukar eg å leggje inn ein god treningsperiode i samband med jula. Denne gongen valde eg ein litt annan variant ettersom eg for det meste låg på sofaen. Det med tanke på at eg ville at kroppen skulle få moglegheita til å hente seg inn. Eg konkluderte med at kvile nok var den beste resepten denne gongen. Det er mykje som tyder på at det var ei fornuftig vurdering av meg.
– Det verkar som du har mykje meir å gå med no enn du hadde før jol, Eivind?
– Eg føler meg i alle fall mykje piggare fysisk. Eg føler også at eg fekk bevist det i årets to fyrste norgescuprenn. Sjølv om eg gjerne skulle ha gått raskare enn eg gjorde begge dagane. Men eg tek med meg at eg hadde vesentleg meir å gå med enn eg har hatt før i vinter. Forhåpentlegvis er det ei indikasjon på at eg har større fartsressursar enn eg har hatt før i vinter, seier Eivind.
Gjekk sin fyrste 20-kilometer
– Det er ei god kjensle å kjenne at du har mykje å gå med. På same måte som det er frustrerande å føle at du går med handbremsen på. Eg hadde nemleg kjensla av det før jol. Eg har under heile oppkøyringa sagt at det er noregsmeisterskapen på Stiklestad som er vinterens store mål. Det er framleis over to månader til den meisterskapen startar. Difor har eg forholdsvis god tid på meg til å finne NM-forma.
– Korleis var det å gå sitt aller fyrste normalprogram som senior på Os?
– Det var moro sjølv om det er forskjell på å gå 20-kilometer og 10- og 15-kilometer som eg har gjort tidlegare. Det er meir utfordrande å disponere eit tomilsløp enn halve distansen. Men eg syntest det gjekk bra og er nøgd med måten eg løyste det på. 18 av 20 mogelege treff er ganske så bra. Sjølv om eg veldig gjerne skulle hatt eitt eller to treff til, seier Gaastjønn.
Hamla opp med gode løparar
Eivind Gaastjønn kniva med fleire av dei som har gjort det bra internasjonalt dei to siste åra, då han vart nummer 18 på normalen. Noreg har i vinter gjort reint bord på herresida i den såkalla IBU-cupen som er ein slags verdscup B. Eivind hadde også mest truleg klart seg bra i den settinga dersom han hadde fått moglegheita.
Det er ikkje lett å få sleppe til i den settinga så lenge ein har norsk pass. Nålauget er nemleg veldig trongt ettersom det er beinhard kamp om plassane. Tidsdifferansen opp til dei som har gått for Noreg er ikkje avskrekkande med tanke på at dei både er eldre og har mykje meir erfaring enn det Gaastjønn har.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det talar også til deira fordel at dei har mykje meir trening i kroppen enn det den lokale skiskyttaren har. Eivind fortel avslutningsvis at han testa seg for astma i den perioden der kroppen ikkje fungerte. Prøvane var for hans del heldigvis oppløftande. Det handlar nok om at det i ein periode vart for mykje trening og kroppen treng tid på å hente seg inn.