Endeleg losna det for Seljord
Oscar Kåsa Dehli skåra sine to fyrste mål for sesongen, men korleis han ikkje krona det heile med eit tredje mål, skjønar han ikkje eingong sjølv.
Ungguten måtte tole nokon muntre kommentarar etter kampen. På overtid skulle han krone ein fin kveld på Eventyrøy med å sende returen frå eit Tommy Sandsdalen-skot i nettmaskane, men frå eit par meter trilla han ballen utanfor.
– Huff ja. Eg såg vel den i mål, smiler Dehli.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men han let ikkje bommen overskygge at han skåra to mål og var sentral i mykje av det Seljord skapte i 5-1-sigeren mot Herre tysdag.
– Det var på tide og viktig for motivasjonen vidare i sesongen, seier Dehli.
Han meiner Seljord har hatt marginane mot seg i sesongens fire fyrste kampar. Alle har vore på bortebane og alle har enda med tap. 2-4 mot Gjerpen, 1-2 mot Herkules 2, 2-3 mot Eidanger 2 og 2-4 mot Kjapp var fasiten før sesongens fyrste heimekamp. Og tysdag var det aldri tvil om at dei raude skulle vinne. Alt etter 15 minuttar hadde Roar Slinde, Martin Listaul og Oscar Kåsa Dehli sendt Seljord føre med tre mål. Og fleire mål kunne det blitt. Dehli trefte mellom anna tverliggaren før gjestene reduserte åleine med Seljord-målvakt Remi Nerbø kort tid før pause.
Herre klarte aldri å redusere meir, og Listaul og Dehli skåra kvart sitt mål før dommaren bles for full tid.
– I starten av kampen spela me godt saman. Alt i alt hadde me full kontroll heile kampen. Me slurva litt framom mål, men det var ein god kamp, seier to-målsskåraren.
– For min eigen del var det sesongens beste kamp, legg ungguten som går i andre klasse på den vidaregåande skulen i Bø til.
Seljord har no ytterlegare to heimekampar på rad på Eventyrøy. Tysdag ventar Stathelle 2 og ei veke seinare kjem Stridsklev på besøk.