Svein Martin Wetteland frå Seljord har gjort Norway Cup-veka til fast innslag om sommaren. Neste sommar kjem han garantert tilbake.
For Svein Martin (65) er dette sommarens høgdepunkt
Utan dommarar stoppar Norway Cup. Svein Martin Wetteland (65) frå Seljord har vore spelar, trenar, tilskodar, dommar, observatør og rettleiar på verdas største fotballturnering i ei årrekkje.
– Eg blei pensjonist for eit par år sidan. No har eg funne min jobb under Norway Cup-veka. Det er som rettleiar, seier den tidlegare Seljord-dommaren.
Han understrekar at dette for han er sommarens høgdepunkt.
– Me er ein fin gjeng som har gjort dette til ein årleg sak. Miljøet blant dei mange rettleiarane er heilt topp, men eg er den einaste lokale, understrekar han.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP