På rett spor: Runar Mathisen rapporterer om stigande formkurve før favorittrennet Marcialonga.

Formpila peikar rett veg før favorittrennet

Runar Skaug Mathisen gjekk inn til ein 28.-plass i La Diagonela i dei Sveitsiske alpane laurdag. Etter ein periode med sjukdom var det godt å kjenne at kroppen spela på lag att, i alle fall dei fire fyrste mila.

Publisert Sist oppdatert

Mathisen gjekk i mål på det 55 kilometerlange rennet i Engadin-dalen eitt minutt og 19 sekund bak vinnaren, lagkamerat på Lager 157 Ski Team, Emil Persson. Mathisen gjekk i mål etter to timar, eitt minutt og 29 sekund.

– Heile laget arbeider godt saman, og det gjev resultat, så det er morosamt om dagen, fortel Mathisen på telefon frå Sveits.

Dei siste to vekene har Mathisen og resten av Lager 157 halde seg i høgda, i den tidlegare OL-byen St. Moritz. Opphaldet verkar å ha gjeve gode resultat.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS