For kort: Runar Skaug Mathsen hadde lite til overs for helgas motbakkeløp. – Det kan ikkje kallast langløp. Det er slik dei driv med i verdscupen, seier han. Her frå eit renn med meir høveleg lengde tidlegare i vinter.

Gjekk inn til sesongbeste, meiner rennet var for kort: – Det er slik dei driv med i verdscupen

Runar Skaug Mathisen gjekk inn til ein 13.-plass i laurdagens Ski Classics renn i Italia. Han er nøgd med resultatet, men formatet har han lite til overs for.

Publisert Sist oppdatert

På grunn av snømangel kunne ikkje rennet som var sett opp, Reschenseerennen, bli gjennomført som planlagt. Løysinga vart å flytte det høgare opp og gjere det til eit kortare motbakkeløp, som fekk namnet La Venosta Time Trial. 28-åringen frå Vinje har ikkje alt for mykje til overs for formatet dei landa på, trass at han er nøgd med resultatet.

– Ni kilometer motbakke med enkeltstart kan ikkje kallast eit langløp. Det er slikt dei driv med i verdscupen. Dei burde hatt ein betre plan b – det burde vore lengre, seier Mathisen på telefon frå Alpane.

Han er seier pilene no peikar rett veg etter ein sesonginnleiing «litt under pari», med plasseringar mellom 20. og 30. i brorparten av renna. Nokre oppturar har det likevel blitt; under lagtempoen i Orsa i Sverige hamna Runar og resten av laget øvst på pallen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS