Karrierebeste: Runar Skaug Mathisen (nr. 17) gjekk inn til karrierens beste resultat under Tartu Maraton i Estland i helga.
Magnus Östh/Visma Ski Classics
Gjekk inn til si høgaste plassering nokosinne
Formkurva peikar rett veg for Runar Skaug Mathisen. I helga gjekk han inn til sin beste plassering nokosinne i Visma Ski Classics.
I det 63 kilometer lange Tartu Maraton, som har fått namnet etter Estlands nest største by, var det berre tre løparar som var raskare enn bjønnen frå Kostveit. Fjerdeplassen er den høgaste plasseringa nokon sinne i langløpscupen Visma Ski Classics.
– Formen byrjar å kome no. Det gjer at eg klarer å tette luker tettare og generelt gå betre i feltet, oppsummerer Mathisen.
Han var ikkje den einaste løparen frå Lager 157-laget som hevda seg i dei estiske skogane. Britta Norgren og Emil Persson var aller raskast og med det kunne laget innkassere sigeren i både kvinne- og herreklassa.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP