SATSAR: Halvor Kleiv har bestemt seg for å sjå kor god det er mogleg å bli i langrennssporet. Vinje-guten er den einaste senioren i vestfylket som satsar på nasjonalt nivå.
Arne Brunes
Halvor (20) har «snikra» saman sitt eige opplegg på heimebane
Halvor Kleiv er den einaste i vestfylket som satsar nasjonalt på langrennssporten. Vinje-guten fekk ein god start på sesongen då han sesongdebuterte på Gålå.
Halvor som satsar på heiltid denne sesongen, gjekk gode distanserenn då noregscupen til seniorane vart innleidd i Vinstra-traktene. Halvor, som er 20 år gammal og nå konkurrerer i seniorklassen, fekk dei svara han var på jakt etter i sprengkulda i Gudbransdalen. Sjølv om han hadde håp om at det skulle gå endå betre. Men det var ikkje avskrekkande avstand fram til Johannes Høsflot Klæbo i fristilrennet, og dei beste dei to dagane.
– Eg håpar å vera nærare dei beste når eg får gått fleire renn, og ikkje minst får fleire tøffa gjennomkøyringar. Dei viktigaste renna for meg kjem på nyåret. Det viktigaste med Gålå-helga var å komma i gang med sesongen. Eg har planar om å gå ein god del noregscup denne vinteren, sa Kleiv som har teke steget opp i seniorklasse. Det inneber at det vil bli mykje vanskelegare å hevda seg for den treningsvillige langrennsløparen.
Flytta heim frå Hovden
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP