Samarbeider: Camilla Aasheim (t.v.), Inger Lise Berge og Tarjei Gjelstad er initiativtakarar til samarbeidsprosjektet i Kviteseid.
Elin Fjalestad
Har plukka ut ti toppar i kommunen. Målet er å få folk i alle aldrar ut på tur
I Kviteseid samarbeider Kviteseid idrettsråd og Kviteseid turlag om eit nytt ti-toppar prosjekt.
Laga har funne fram til ti toppar, spreidd utover i kommunen, i varierande vanskegrader. Og målet er å få folk i alle aldrar ut på tur. Dei frivillige laga har fått trykt opp ei brosjyre der alle turmåla er skildra. I denne brosjyren kan ein også registrere turane ein går.
Born som har registrert sju toppar, og vaksne som har registrert ti toppar, får ein premie – ein turkopp. Logoen på emaljekoppen har Sonja Bakken Braun laga.
– Tanken er å lage ein ny logo som ein kan ha på koppen kvart år, fortel Tarjei Gjelstad.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP