NÆRMAR SEG DEI BESTE: Halvor Utistog Kleiv har tatt store steg i vinter og nærmar seg dei beste.
Arne Brunes
Heidra langrennstalentet som satsar på heimebane
Halvor Utistog Kleiv får idrettsstipendet av Vinje kommune.
Skiløparen som har gått frå å vera junior til senior fekk det synlege beviset og 25 000 kroner i tysdagens kommunestyremøte. Marcialonga-vinnaren Runar Skaug Mathisen frå Kostveit var hyra inn til å dele ut prisen.
– I 2023/2024-sesongen gjorde han fleire gode renn i noregscup og NM – dei beste prestasjonane i heile karrieren. Han satsar nå som senior. Det er krevjande med eit privat opplegg i Vinje. Me håpar idrettsstipendet er motivasjon til vidare satsing. Då Halvor reiste aleine på NM på Beitostølen gjekk han mot dei beste i verda. Og han gjorde det utan eit stort team i ryggen, sa ordførar Jon Rikard Kleven om utøvaren som blei nummer 61 i NM.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP