Representerte Høydalsmo: Eivind Yndesdal Ofte (framme frå venstre), Camilla Gravdal, Stian Yndesdal Ofte og Arne Lid Moen syntest det var kjekt å løpe i Oslo-gatene. Det same gjorde bak frå venste Ingrid S. Byggland, Liv Kristin Krog og Asbjørn Byggland.
Svein Halvor Moe
Høydalsmo markerte seg i hovudstadsgatene
Det var på 1970- og 80-talet mange idrettslag i Vest-Telemark som stilte lag i Holmenkollstafetten. Det begynner å bli nokre år sidan Seljord og dei andre var med. Derfor var det gledeleg at Høydalsmo i år figurerte på startlistene.
Arne Lid Moen meldte på lag då han hadde fått stadfesta at det var interesse for å gjere ein innsats for idrettslaget i den populære stafetten. Eit lag som har fostra mange gode idrettsutøvarar opp gjennom åra. Magnus Krog er nok den mest kjente – kombinertutøvaren som blei olympisk meister i 2014.
Ånund Lid Byggland som kan skilte med medalje frå senior-NM i langrenn, er ein annan som har vore med og sett heimbygda på kartet. Det var ingen av dei som var tilgjengelege denne gongen, men i Høydalsmo håpar dei iallfall å få med Ånund neste gong. Kanskje også sambuar og OL-vinnar Tiril Eckhoff, dersom det passar for ho å ta ein etappe for Høydalsmo-laget.
Held seg i form
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP