Nytt merke: Sigmund Skar frå Fyresdal sikra seg eit nytt merke på Birkebeinerrennet. Det gjer at han held fram å klatre på rittets adelskalender.

I år slapp Sigmund å sykle Birken med store smerter

For to år sidan fekk Sigmund Skar ein tømmerstokk over beinet då han jobba i skogen på garden i Fyresdal. Det førte til at han måtte sykle Birkebeinerrittet med store smerter. Merkekravet glapp også.

Publisert Sist oppdatert

Dei 26 andre gongene Skar har sykla Birkebeinerrittet har han klart merkekravet med god margin. Slik var det også i år for den spreke ungdomsskulelæraren som er ein av dei som har flest merker i Birken-samanheng. Det han sikra seg i helga var det 82. i rekkja. Sigmund kan fort bli den første som passerer den milepælen det vil vere å nå 100 merker.

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det sjølv om eg ser at det er fullt mogleg å klare 100 merker dersom eg held meg frisk og får behalde helsa. Eg prøver å legge ned den treningsinnsatsen som må ligge i botn for å ha moglegheit til å klare merkekravet i Birkebeinerrennet, Birkebeinerløpet og Birkebeinerrittet. Den største utfordringa er å få lagt inn langturar, seier Skar til lokalavisa.

Brukar Birken som treningsmål

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS