Ida (19) fekk støtte frå kommunen: – Det er ikkje kvar dag ein ungdom frå Kviteseid kvalifiserer seg til VM
I september kom Ida Strigen på andreplass i NM, og kvalifiserte seg dermed til VM i functional fitness.
– Det er ikkje kvar dag ein ungdom frå Kviteseid kvalifiserer seg til VM. Me ynskjer å støtte Ida, seier ordførar Bjørn Nordskog.
Måndag gav han henne eit stipend på 5000 kroner frå Kviteseid kommune.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette er eit bidrag til reisa til VM, sa ordføraren
VM blir arrangert i Mexico i desember. Der blir det ulike øvingar innanfor styrke, kraft, uthald, koordinasjon og kroppsvektsøvingar.
Og Strigen er godt i gang med oppkøyringa.
– Eg trenar to økter om dagen, fem dagar i veka, seier ho.
Strigen studerer idrett på universitetet i Bø. Og trener på CrossFit Heimen i Bø.