SKIGYMNAS FREISTAR: Ingebjørg Killi har lyst til å søkje seg til skigymnas når ho er ferdig på ungdomsskulen i heimkommunen.
Svein Halvor Moe
Ingebjørg har lyst på skigymnas
Ingebjørg Killi er eit produkt av det gode skimiljøet i IL Rein og skikulturen på Telemarks tak. Det er berre fem tiandeklassingar på Edland-skulen. To av dei konkurrerer i langrennssporet.
– Me er ikkje så mange. Men det er eit veldig bra miljø i skigruppa. Det er òg ein av grunnane til at eg held på med dette. Flinke trenarar har me òg. Tommy Lindskog og Knut Tore Apeland har mykje kunnskap og er flinke til å motivere, seier Grungedal-jenta som har lært mykje av dei to eldsjelene. Begge har lang fartstid og veit kva som krevst for å gå fort på ski.
Tommy gjekk tre år på skigymnas i Meråker og satsa aktivt fram til senioralder. Knut Tore treng ingen nærmare presentasjon. 1968-modellen var i fleire år ein av verdas beste kombinertutøvarar. Han vann til og med verdscupen samanlagt. Det dei to karane ikkje veit om langrenn, er ikkje verdt å vite.
Mest spent på sprinten
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP