NÆRMAR SEG DEI BESTE: Halvor Utistog Kleiv har tatt store steg i vinter og nærmar seg dei beste.
Arne Brunes
Ingen i årsklassa har hatt større framgang enn Halvor (20) i vinter
Det er ingen førsteårsjuniorar i Norge som har hatt større framgang i vinter i langrennssporet enn Halvor Utistog Kleiv. Skjærtorsdag blei han nummer fire i Knarren Rundt.
Halvor har hatt fleire oppturar i vinter. Den første store kom då han berre blei slått av fire 2003-modellar i noregscuprennet på Nes tidlegare i vinter. Den største kom derimot då det gjaldt som mest i vinter for den unge seniorløparen. Utistog Kleiv gjekk nemleg sitt beste løp då han blei nummer 61 av seniorløparane i NM, 15 i U 23-klassen og nummer seks av dei som er fødd i 2003. Det fortel det meste om unggutens prestasjon.
– Eg er veldig fornøgd med både disponeringa og plasseringa. Eg hadde håp om at eg på ein god dag skulle vere god nok til å bli blant dei 70 beste. Det klarte eg akkurat sjølv om eg tapte nokon plassar mot slutten. Men i dag tapte eg mindre på dei siste kilometerane enn eg har brukt å gjere. Det er forhåpentlegvis ein indikasjon på at eg har blitt meir uthaldande og flinkare på det området, sa Halvor etter det gledeleg løpet på Lillehammer i helga.
Går to minutt fortare
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP