Sentral: Inger Vadder Sandland har vore sist på ballen sju gonger denne sesongen. Fjorten gonger har ho hatt målgjevande pasning.
Hønefoss BK
Inger (25) er i ferd med å skyte Hønefoss til Toppserien
Inger Vadder Sandland briljerer på eit Hønefoss Ballklubb-lag som før sesongstart var tippa ned på jumboplassen i 1. divisjon av så godt som alle fotballekspertar.
No er Inger og lagvenninnene på randen av eit smått sensasjonelt seriegull og opprykk til Toppserien. Høydalsmo-jenta og Hønefoss BK har seks poengs forsprang med tre kampar igjen å spele. Det skal mykje til for at opprykket glepp. Spesielt om dei sikrar poeng i den komande kampen mot Aalesund (2. november) – laget som ligg nærast på tabellen. Sunnmøringane var lenge i tet, men hausten har gitt magre resultat for dei oransjekledde.
– Eg er einig i at me har sett oss sjølve i ein svært god posisjon, men me tar ingenting for gitt. Me har tre tøffe kampar igjen, sjølv om to av dei er på heimebane, der me har plukka dei fleste poenga. Det gir oss tryggleik. Publikum har òg vakna. Me har hatt mellom 700 og 800 tilskodarar på fleire av kampane, og det betyr mykje å ha eit entusiastisk publikum i ryggen, seier Inger.
Vil helst avgjere heime
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP