Jubelscener: Inger Vadder Sandland og dei andre Hønefoss-spelarane kunne juble for opprykk.

Inger frå Høydalsmo sende Hønefoss BK opp i Toppserien og 1100 tilskodarar opp i skyene

Inger Vadder Sandland (25) skreiv både lokal og norsk fotballhistorie då ho scora kampens einaste mål, og sende Hønefoss Fotballklubb opp i Toppserien.

– Dette er nok ein av mine viktigaste scoringar. Det er definitivt den artigaste ettersom den vart avgjerande for opprykket. Det er noko med det å få moglegheita til å sikre seg Toppserie-spel på heimebane. Spesielt når så å seie alle fotballekspertane før sesongstart hadde tippa oss på botn- og nedrykksplass. Då er det utruleg moro å slå tilbake slik som me gjorde, sa Inger då jubelscenene hadde lagt seg på Hønefoss og Ringerike.

Det vart ein kamp for minnebøkene for Høydalsmo-jenta som vart matchvinnar då Viking vart slått 1-0. Vadder Sandland følte at dei hadde god kontroll sjølv om sigersmarginen ikkje var så stor, og det var ein herleg nerve i kampen. 25-åringen hadde ein kjempemoglegheit rett før ho sette inn det som skulle vise seg å bli kampens einaste nettkjenning. Inger er glad for at sjanse nummer to førte til at ho fekk nettkjenning og eit teljande resultat.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avgjorde: Inger Vadder Sandland skåra sitt 8. mål for sesongen då ho avgjorde kampen mot Viking.

Fantastisk stemning

Det var nesten 1100 betalande tilskodarar og ei fantastisk ramme rundt oppgjeret som sende byens fotballstoltheit på kvinnesida opp i Toppserien. Dei fekk sjå både ein underhaldande fotballkamp og at sjampanjeflaskene, som har stått på kjøling ei god stund, blei opna på det flotte stadionanlegget der Inger og lagvenninnene spelar sine kampar.

Heimearenaen til Hønefoss Ballklubb held som jentene elitestandard. Det kjem mest sannsynlegvis til å bli folksamt der òg til neste år når Rosenborg, Brann og ikkje minst Vålerenga kjem til Ringerike for å kjempe om seriepoeng. Den lokale Toppserie-spelaren ser fram til det, sjølv om det inneber at det blir både vanskelegare å ta poeng og få ballen i motstandarens mål. Den utfordringa tek Inger.

Flest målgjevande i heile serien

Det blei åtte seriemål og heile 16 målgjevande på Ingrid i årets serie. Ingen andre har så mange målgjevande som det Vadder Sandland har. Det fortel det meste om kor god tilretteleggjar ho har blitt. Trenaren Martin Lindland føler at 25-åringen frå Høydalsmo har teke steg på dei fleste områda denne sesongen. I alle fall når det kjem til å bli meir målfarleg og samstundes setje opp andre i scoringsposisjon. På det området er ho lagets viktigaste.

– Eg veit ikkje om eg har blitt så mykje betre. Men eg har blitt flinkare til å ta ut potensialet. Eg føler òg at laget har blitt betre til å utnytte mine sterkaste sider på fotballbana, seier hurtigtoget frå skibygda til Vest-Telemark blad.

Ho innrømmer at det er ei lettelse at dei slo Viking og ikkje er avhengige av å ta poeng i siste serierunde. Den blir spelt på Aspmyra til helga mot Bodø/Glimt. Helgas triumf gjer at Inger og Hønefoss BK-spelarane kan reise nordover med senka skuldrer. Dei er opprykksklare uansett korleis det går i den kampen. Seriemeisterskapen kan ingen ta frå dei etter sigeren mot Viking, som dei har slått tre gonger i år. Det vart uavgjort i første kamp mot dei.

Fekk sekssifra beløp til tur

Sigeren og opprykket laurdag ettermiddag vart starten på ei storstilt feiring. Først saman med foreldre og andre på stadion. Deretter drog Hønefoss BK-familien på byen for å feire. Den feiringa var ikkje over før i natt. Då reiste Inger og dei andre kvar til sitt. Det var ikkje mykje stemme igjen på ho på det tidspunktet. Synginga og ropinga hadde teke på.

– Eg vil likevel seie at det var verdt det. Eg ville ikkje vore dette forutan. I 2016 fekk eg nokre minutt for Urædd i Toppserien slik at eg skulle få referansar på nivået. Ni år seinare håpar eg å få ei meir sentral rolle og langt meir speletid enn eg hadde den gongen, seier ho som verkeleg har sett heimbygda på fotballkartet. Det har ho òg lyst til å gjere i 2025. Det blir nok ikkje færre Hønefoss- og fotballturar for foreldra neste år.

Til Toppserien: Inger Vadder Sandland fekk ein liten smak av Toppserien som Urædd-spelar. Nå er ho ein av dei viktigaste spelarane for nyopprykka Hønefoss BK.