Ingrid skal representere Noreg i VM
Merittlista til Ingrid Lid frå Kviteseid byrjar å bli lang. Nå skal ho representere Noreg i VM i 100 kilometer.
Tre kvinner vart tatt ut for å representere Noreg når VM blir arrangert i Bengaluru i India i desember. I tillegg til Lid, er Ida Tidemand Slorafoss og Annette Velde Sande kvalifisert, medan ingen menn vart kvalifisert denne gongen.
I april vart Lid noregsmeister i ultraløp. Ho brukte då 7 timar, 45 minuttar og 8 sekund på å fullføre, og var dermed godt innafor VM-kravet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho fortel til VTB at årets sesong så har langt vore veldig spennande og variert.
Ho har sprunge i Italia, i Cortina d’Ampezzo på Lavaredo Ultratrail, eit løp på 120 kilometer og 5000 høgdemeter. Det er eit av verdas største løp med rundt 1500 deltakarar. Lid var nummer fem og fekk dermed 500 Euro i premiepengar.
Neste løp er TDS Chamonix, som er 145 kilometer langt og 9000 høgdemeter.