Innfridde: Runar Skaug Mathisen vart nummer sju

Innfridde på begge måla – sikra topplassering i samandraget

Runar Skaug Mathisen hadde sett seg to mål for sesongen – fyrste pallplass og topp ti samanlagt i Visma ski classics. Det klarte han.

Publisert Sist oppdatert

Pallplassen kom i sesongens tredje siste løp, då han blei nummer to på det 100 kilometerlange rennet Årefjällsloppet i Sverige. Topp 10-plasseringar på dei to neste løpa, 7. i Setermoen-Bardufoss og 5. i Yllas-Levi i Finland denne helga, førte til at han enda på ein 7.-plass på samanlagtlista.

Mathisen takkar i ei instagramoppdatering for støtta gjennom sesongen.

– Takk til alle som fylgjer med og heiar. Takk til sponsorane og Lager 157 Ski Team for at eg kan vere skiløpar! Og takk til alle utøvarane på teamet for at det er morosamt å trene og konkurrere i regn, vind og sno, skriv han.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS