FAR OG SON: Jakob Utistog er som pappa Halvor medlem i Byrte idrettslag, og eit stort langrennstalent. Han konkurrerer for Oslo-klubben Koll.

Jakob (16) har lyst til å bli like god – og aller helst betre enn det pappa og onkel var

Halvor og Svein Olav Utistog var begge blant dei mest lovande langrennsløparane på sitt alderstrinn i Norge. Nå har ein ny utøver med same etternamn, tatt steget opp i noregstoppen i si årsklasse.

Publisert

16 år gamle Jakob har lyst til å bli like god, og aller helst betre enn det pappa Halvor og onkel Svein Olav var. Han bur i Oslo og konkurrerer for Koll, men er ofte å sjå i Byrte og Vest-Telemark. Både i sommar og vinterhalvåret trenar førsteårsjunioren ein god del i Byrte og nabobygdene. Besøka hos farfar blir gjerne kombinert med treningsturar i det terrenget der Halvor og Svein Olav la grunnlaget. Begge var veldig gode fram til dei fekk skadeproblem.

– Eg måtte gi meg då eg var 22 år på grunn av hjartetøbbel. Det var naturlegvis kjedeleg der og då, ettersom langrennssporten betydde mykje for meg. Eg hadde fin utvikling, og hadde lyst til å sjå der langt det var mogleg å nå, sa Halvor som på det tidspunktet var ein av morgondagens menn i norsk langrennssport. 47-åringen blei betre og betre i slutten av tenåra.

Det året Halvor fylte 20 år blei han tatt ut til juniorverdsmeisterskapen i Asiago. Det var utruleg stort den gongen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS