Tok bronse: Johannes Lønnestad Flaaten frå Seljord og Morgedal IL gjekk inn til bronse på sprinten i junior-NM fredag.

Johannes (19) tok bronse. Nå håpar han å få gå junior-VM på heimebane.

Johannes Lønnestad Flaaten (19) frå Seljord gjekk inn til bronsemedalje i fredagens sprint i junior-NM. Det er ein god søknad til å få gå VM neste månad.

Publisert Sist oppdatert

– Eg har i alle fall gjort det eg kan, seier ein audmjuk bronsemedaljør til VTB.

Han hadde NM-sprinten som mål denne helga, men det er junior-VM på Lygna i slutten av februar som er det store målet. Fredagens sprint var den siste før VM, men laget blir ikkje tatt ut før etter resten av junior-NM om 14 dagar.

Langrennstalentet som går i klasse M19/20 hadde god kontroll på tredjeplassen i finalen. Tvillingbrørne Nikolai og Aleksander Eide Holmboe frå Bærums Verk blei høvesvis nummer 1 og 2.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS