Tredjeplass: Johannes Lønnestad Flaaten imponerte i Gålåsprinten i helga.

Johannes på pallen både laurdag og sundag

Johannes Lønnestad Flaaten er blant løparane som kjempar om plass i junior-VM på heimebane i februar neste år.

Publisert Sist oppdatert

I helga reiste seljordingen heim frå Gålå med to tredjeplassar. Laurdag var det sprint. Flaaten som representerer Morgedal IL, blei berre slått av dei to tvillingane Holmboe – Nikolai og Aleksander – frå Bærums Verk. Dei to blir rekna som Noregs største langrennstalent.

Sundag var det 10 kilometer i klassisk stil. Også då blei Flaaten nummer tre, 12,9 sekund bak Aleksander Eide Holmboe. Magnus Thorstensen blei nummer to – to sekund føre Flaaten.

Erik Brostigen Ringhus frå IL Rein blei nummer 104 på 10-kilometeren. Han blei nummer 58 på sprinten.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS