Sylvguten: Johannes Lønnestad Flaaten (fremst) revansjerte den skuffande 10.-plassen frå dagen før då han laurdag gjekk inn til sylv i junior-NM.
Svein Halvor Moe
Johannes revansjerte den skuffande fredagen – gjekk inn til NM-sylv
Johannes Lønnestad Flaaten gjekk inn til andreplass på 10 kilometer klassisk i junior-NM på Nes laurdag.
Med tida 25 minutt og 30 sekund var Lønnestad Flaten, som representerer Morgedal IL, 6 sekund bak vinnar Henrik Kvennås frå Byåsen i klassa menn 19/20.
– Det var veldig morosamt med sylv laurdag. Eg var ganske skuffa over fredagen, det vart eit veldig tett løp, og resultatet var ikkje som eg hadde håpa. Så då var det ekstra godt å få litt revansje og gjera eit ordentleg godt klassiskløp, seier Lønnestad Flaaten.
På fredagens 20 kilometer fristil gjekk Lønnestad Flaaten inn til ein 10.-plass, 40 sekund bak vinnaren. Erik Brostigen Ringhus kom på 146.-plass fredag, men stilte ikkje til start laurdag.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP