Satsar som målvakt: Kaisa Vale (18) flyttar til USA for å satse vidare på fotball.
Åsne Margrete Kleiv
Kaisa (18) flyttar til USA for å satse vidare som målvakt
Om berre få dagar flyttar Kaisa Vale (18) til USA. Der skal ho kombinere keepersatsinga med utdanning.
Den talentfulle målvakta har nett fullført tre år på toppidrettslinja i Skien. Kaisa fortel at ho var usikker på kva ho skulle gjere etter vidaregåande.
– Eg var inne på tanken om å ta eit friår og reise, men fann etter kvart ut at det kunne bli vanskeleg å kombinere med fotballsatsing.
Kaisa signerte med Odd i 2021, på same tid som ho skulle byrje på toppidrettsgymnaset i Telemark. Der hadde ho eit solid treningsmiljø utanfor skulen. Kaisa fekk nokre kampar med telemarksklubben, men har den siste sesongen vore på utlån til andredivisjons-laget Nanset. Sesongen i Nanset var ikkje heilt topp, men Kaisa fekk god kamptrening.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP