Målvakta: Sondre Johan Straand (20) frå Vrådal fekk høyre at han ikkje var den raskaste på fotballbanen, og satsa heller på ei karriere som målvakt.

Klarte verken springe eller drible bra, men fann plassen sin som målvakt. Nå drøymer Sondre om proffspel

Som 6-åring blei den uredde vrådølen Sondre Johan Straand (20) plassert i mål. Nå drøymer 2. divisjonsmålvakta om proffspel utanfor Skandinavia, men fyrst skal han rettleie yngre målvakter på den årvisse fotballskulen i heimbygda.

Publisert Sist oppdatert

Han starta å spele fotball då han var 5-6 år gamal, og var ofte på banen heime i Vrådal.

– Det var vel mest for å ha noko å gjere og vere med på det som dei andre lika. Men eg var heilt elendig på banen. Eg klarte verken å springe eller drible bra, så eg blei oftast sett i mål, minnest 20-åringen.

Men han haldt fram med å spele fotball, og var både utespelar og målvakt, og hugsar godt det han sjølv omtalar som «då han knakk koden».

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS