Klubbmeisterskap Vinje IL
Det gror godt bak Runar Skaug Mathisen i Vinje IL. Torsdag 2. mars var det klubbmeisterskap som avslutning på årets skikarusell. Over 100 aktive skiløparar har deltatt på årets skikarusell, og denne torsdagen var det 87 stk. som stilte på start i klubbmeisterskapet. Rennet vart avvikla i friteknikk og det var lagt opp til fellesstart.
Det var god stemning i Brubakk torsdags ettermiddag/kveld. Naboane på Fristad kunne truleg høyre både heiarop, jubelbrøl og ein og anna slager frå musikkanlegget. Målet med skikarusellen er å fremje skiglede, noko ungane (og dei litt eldre ungane) viser tydeleg at dei har. Det er gode tilrop frå sidelinja og moro for oss vaksne å stå litt tilbake og sjå kva ungane får til saman. Nokon pressar seg litt ekstra, nokon dett og reiser seg opp att med god støtte, nokon er mest med for å heie på dei andre og nokon har eit utprega konkurranse instinkt. Det er rom for alle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så om nokon år får du kanskje selskap uti verda, Runar – men enn så lenge gler me oss over gode prestasjonar, fellesskap, inkludering og mykje moro også på heimebane.
Vel blåst til ungar, foreldre, besteforeldre, tanter og onklar.
Årets klubbmesterar vart:
Gutar 11. Aksel Helle Lie
Jenter 11: Kristine Tveito
Gutar 12: Olav Aarhus
Jenter 12: Hedda Holte Hylland
Gutar 13: Ingar Seltveit
Jenter 14; Sunniva Tveito
Gutar 15: Birk Øyre Aaland
Jenter 15: Emma Bråstøyl
Menn senior: Sindre Høgset
Kvinner senior: Trine Høgset