Utelatt: Magnus Krog måtte ta ti dagars treningspause etter han blei innlagd på sjukehuset i Innsbruck med magetrøbbel, og er difor ikkje overraska over at han ikkje fekk plass i VM-troppen.
Øystein Øygarden
Krog ikkje med i VM-troppen
Magnus Krog fekk ikkje plass i troppen som reiser til ski-VM til Obersdorf. – Litt som forventa, men utruleg kjedeleg, seier høysekken.
– Det har vore eit veldig krevjande uttak, spesielt på herresida. Det er 14-15 stykk som har kome topp 20, men ikkje utmerka seg utover det. Dei fire fyrste har vore rimeleg klare ganske lenge, men dei to siste plassane var tøffe å velje ut, sa sportssjef for kombinertlandslaget, Ivar Stuan, då han annonserte VM-uttaket på Teams fredag morgon.
– Det er eigentleg litt som forventa, før eg hamna på sjukehuset i Seefeld trur eg at eg låg godt an, formkurva peika rett veg, men eg mista ti dagar med trening og har akkurat kome i gang att. Det er utruleg kjedeleg at det blei slik, seier Krog.
– Med forma eg var i kunne eg ha vore med å kjempa om gode plasseringar, men eg måtte nok hatt full klaff med forma og litt flaks for å kunne blande meg inn i medaljekampen, held han fram.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP